onsdag 9. september 2009

Ofseleg avspaseringsdag til 2258

Nautgardstind i skodda til venstre for midten, Nautgardsoksli litt mot høgre
mandag 7/9-09
Etter ei fin natt på ei lita hytte på Lom, tok iveren overhand og ferda gikk mot Glitterheim og Nautgardstind tross dårlige værvarsel med kuling og snø på toppane. Trond var ikkje frista til å bli med, så det blei en aleinetur, og det var ikkje mange folk å treffe på sykkelen opp til Glitterheim. Været var fint heilt til eg hadde forlatt sykkelen og Glitterheim, og ved brua regna det kraftig. Så kraftig at eg måtte ta på den 15 år gamle regn-ponchoen for første gang! Og den gjorde susen! Det piskande regnet blei elegant eliminert, og turen kunne fortsette oppover. På 1700m blei piskande regn til piskande små hagl, og handskane var våte og fingrane uten følelse. Valgte å fortsette litt til, men måtte få varme i fingrane igjen. I sekken med dei søkkvåte handskane, og etter å ha hatt hendene inn mot hud ei stund vart dei straks bedre. På 2000m var underlaget blitt til snø, og skodda gjorde gps'en uunnværlig. Kjekt å bli vist vegen her oppe. Etter kvar lille pause var det like før eg snudde på grunn av kraftig vind og ubehagelig pisking mot fjeset. Etter 2t 15 min var eg på Nautgardsoksli 2095m i le av varden og fekk i meg en kjeks.
Så bar det ned i skaret før Nautgardstinden. Der fann eg en større stein som kunne gøyme meg for vinden hvis eg bøyde meg godt ned i snøen. Det var godt å trekke regnponchoen over hodet som telt der eg kunne åpne sekken uten å måtte holde på alt som vinden kunne ta med seg. Sat der ei stund i min egen lune verden mens snøen piska ute.
Sliten og lykkelig kom eg til topps på 2258m etter å ha stampa i 20cm nysnø, 3t 15 minutt fra Glitterheim. Så bar det fort nedover i den gode snøen, og like før Glitterheim kom fineværet med regnbue og sol. Det kunne godt kome litt før... men sykkelturen ned fra Glitterheim til bilen gjorde iallefall godt i sola. Då fekk eg endelig sett litt av toppen (nesten) - og fekk tatt bildet øverst:)
Så venta seks og en halv times fin biltur heim igjen. Rakk tunnelen ved Flåm ett minutt før den stengte kl 2100, og var heime ved midnatt.

1 kommentar: