søndag 5. september 2010

Seinsommar på Soleibotntindane

Handskaden min på Styggehø var ikkje så lett å bli kvitt som eg hadde trudd, så det holdt med familietur denne helga i staden for fristande tinderangling i Leirvassbuområdet med Stig, Jan-Einar og Vidar. Men der hadde eg nok strevd med en ubrukelig venstre tommel og handflate...
Vår familieplan var Store Soleibotntind. Men typisk nok så tråkka Kristoffer over i fotballkamp torsdag og Åse fikk invitasjon til venninnebesøk lørdag. Dermed endte familieturen med at Øystein og eg sykla 15 flotte km til Ågotnes lørdag der vi vart plukka opp av dei andre i bil.
Men med mulighet for to avspaseringsdager, og en fjellfrelst bror som var stand by på Sandane, var det likevel mulig å skape nåke bra ut av dette stabile høgtrykket.
Eg dro frå Sandane kl 0815, og var på møtepunktet langs Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø kl 1250.
Trond hadde vore våken sida kl 03 (aviskøyring) og benytta ventetida på meg fornuftig til en liten napp i bilen. Kl 1250 var vi avgårde, og etter litt dramatikk då turfølget foran plutselig var en mann 'short' i det bratte terrenget... Etter mykje roping og leiting i bratt lende der vi vart involvert, viste det seg at han berre hadde fulgt etter nåken ryper (fugl eller???) og gløymt vegen og dei andre...!;)

Etter 2t 30min i rolig tempo med mykje prat og lite slit, var vi på 2082m i lag med fire andre karer. Møtte ein familie med en niåring som var på veg ned, så dette er en fin topp for nesten alle - i fint vær.
Etter mat og fotografering sonderte vi klyveruta ned i skaret mot Søre, og endte opp med fin passe eksponert klyving vidare heilt til topps på andre sida. Her hadde vi nok ikkje gått usikra på våte steinar, men heilt greitt når det var tørt. Bomma litt tilbake ned til skaret, men fann vegen etter litt pludring.
Vi fikk ein fin solnedgang på veg ned att, og naboen Store Austanbotntind hadde frista oss (iallefall meg) heile dagen... Ein gong skal det bli en realitet å stå der oppe:) Neste år, håper eg!
Så bar det i teltet etter kvelds på rasteplassen over Turtagrø med Real turmat i mørket med hodelykt, usikre på planane for morgendagen. Trond var sultefora på søvn, og den store luftmadrassa gjorde underverk for ei god natts søvn på det ujevne underlaget.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar