torsdag 27. juni 2013

Gjegnen 1670m - majesteten i Ytre Nordfjord

Gjegnen og Gjegnabu, på nedturen torsdag
Gjegnen er på ein imponerande femteplass i Norge når det gjeld høg primærfaktor, kun slått av Galdhøpiggen, Jiehkkevárri, Snøhetta og Store Lenangstinden. Det særprega og verna Devon-landskapet med konglomerat og gedigne hyllesystem gjer dette området svært så eksklusivt og forlokkande.

Kristoffer og eg dro frå Rong onsdag formiddag, og møtte Trond på ettermiddagen ved Storebru. Derfrå vidare til ville Hope i Hyen der vi la avgårde til fots oppover litt over klokka 17.

Opp den fine grusvegen gikk det radig og greit i mange slyng opp til ca 400 moh. Der strevde vi en del med å finne stien vidare opp til Lavesteinen, men etter litt fram og tilbake fann vi en liten rød pinne som markerte starten på den lite tydelige stien oppover. 2t 15min etter start var vi endelig ved Lavesteinen på 720m høgde. Kristoffer følte seg ikkje heilt i form då, men han ville fortsette. 

Resten av turen til Gjegnabu bestod av tett skodde, og vi ankom hytta litt før kl 22.  Ei vakker lita hytte på eit teppe av konglomerat.

Torsdagen våkna vi til regn, men etter kort tid tok sola over og resten av turen vart eit lite eventyr.  Lar bilda tale for seg sjølv:)

Opp mot Lavesteinen, onsdag kl 19.


Lavesteinen

Endelig Gjegnabu i sikte.
Midnatt ved Gjegnabu.  Gjegnen i skodda.
Slutt på morgenregnet torsdag - Gjegnen lokker bak X-vatnet.

Mot breen.

Opp breen. Gjegnabu ligg bak i øvre venstre skoddekant.

Gjegnen bak - med toppunktet ute til høgre
Utsikt mot nord frå toppen.

Skummel snublekonglomerat...;)

Nedtur forbi karakteristiske hylleformasjoner

Gjegnen-massivet dominerer veldig mot sørøst.

Mot Gjegnabu og X-vatnet igjen.

Devonsk landskap.

Gjegnabu oppe til høgre

Konglomeratens rike


Mot vest

Mot Hope og Hyen, nede til høgre

Ned "bushen" frå Lavesteinen

Snart ved bilen kl 21 torsdag.