fredag 5. mars 2010

Vinterferie i Hemsedal



Siste februardagen reiste vi til Hemsedal og søndag til fredagsopphold i stor leilighet på Tuv saman med onkel Trond og Hilde & Nils og familien. Det vart ei super veke. Rett i trekket måndag, langrennstur i preparerte løyper på Graveset skiarena tysdag med påfølgande kveldskøyring i trekket. Onsdag var vi tidleg oppe til grytidlig privat morgonkøyring i regi av Arne Gunnar med bl.a. 7 -sju - lærarar frå Øygarden ungdomsskule. Slå den:)


Etter morgonkøyringa gikk vi 12km langrenn rundt Helsingvatn alle som ein - imponerande sterkt av Elias på berre 6 år! Torsdag var det nye hopp og triks (!) i bakken før vi roa ned siste kvelden - og fredag var det heimatt. Og når dette også var godt krydra med Alias og Varulven så svarte dette til våre store forventningar og vel så det. 10/10:)



Øystein i farta...


Gjennom parken