lørdag 30. januar 2010

Skispor til Liatårnet

Når det laver ned snø og det ikkje er mulig å komme seg til fjells pga Sartorplaner - må hjernen vriast for alternativer... Gode råd var dyre for meg som allerede hadde sterke symptom på ski-abstinens.
Så, mens kone og datter gjorde sitt av handling og klipping på Sartor, såg eg mitt snitt til en eksklusiv skitur opp til Liatårnet og ned igjen. Det har eg tenkt på i mange år, men snøen har mangla.
Det vart en fin tur med lave lærstøvler på dei breie Coomba-skia. Ingen optimal kombinasjon, men det eg hadde. Og spora mine tok faktisk av fra vegen og ut blant knauser og elvefar med nok snø til at opplevelsen fikk litt toppturpreg:)
På toppen tok eg dette bildet mot Sotrabrua i det fjerne. Nedover gikk det radig, og til tross for at eg sakka farten godt når eg møtte folk - var det to damer som kvapp såpass at eg er redd det kan komme i Vestnytt...
Så nådde eg akkurat tilbake til Sartor til klippen og handlinga var ferdig:)

onsdag 13. januar 2010

Isklatring i gatelys

Søndag var Øystein, Kristoffer og eg på familietur ute i det fine vinter-været. Kristoffer klatra med ei isøks og stegjern halvveis opp isveggen langs vegen ved ungdomsskulen. Vinterisen viste seg knallhard i forhold til blåisturane våre om sommaren, og vi skjønte kvifor vinterisklatringsutstyret er ein del annleis.
Etter å ha studert isveggane langs vegen i dagesvis, var det onsdag klart for ny utfordring i ein fin liten isvegg i gatelys mellom Rongesunds-brua og Torsvik med Stig som fullt ut delte entusiasmen for å teste isklatring. Dette var langt tyngre enn vi hadde trudd og absolutt verdt tiltaket. Stegjerna og dei to isøksene satt ikkje som i blåisen om sommaren, og vi strevde og kavde med slitne underarmer som virkelig fikk gjennomgå. Men det ga meirsmak, og perspektivet er heretter endra til å kikke etter høg is langs vegen. Og faktisk dukka det søndag opp ein ny spennande isvegg på treningsturen ut til Skogsøy:) - sjekka topptaufeste, og det skulle gå greit med tre kiler, så kanskje vi legg avgårde ein dag...?
Då manglar vi berre ein topp for skikjøring i nærheten. Har sett på Spjeld-fjellet ned mot Spjeld, og med litt meir kulde (som er meldt) så sålen blir fast og fin, og med 10-20cm nysnø
så er det mulig det blir en liten testtur med hodelykt i veka som kjem...:)
Fantastisk kjekt med stabil vinter i Øygarden :)