Etter å ha studert isveggane langs vegen i dagesvis, var det onsdag klart for ny utfordring i ein fin liten isvegg i gatelys mellom Rongesunds-brua og Torsvik med Stig som fullt ut delte entusiasmen for å teste isklatring. Dette var langt tyngre enn vi hadde trudd og absolutt verdt tiltaket. Stegjerna og dei to isøksene satt ikkje som i blåisen om sommaren, og vi strevde og kavde med slitne underarmer som virkelig fikk gjennomgå. Men det ga meirsmak, og perspektivet er heretter endra til å kikke etter høg is langs vegen. Og faktisk dukka det søndag opp ein ny spennande isvegg på treningsturen ut til Skogsøy:) - sjekka topptaufeste, og det skulle gå greit med tre kiler, så kanskje vi legg avgårde ein dag...?
Då manglar vi berre ein topp for skikjøring i nærheten. Har sett på Spjeld-fjellet ned mot Spjeld, og med litt meir kulde (som er meldt) så sålen blir fast og fin, og med 10-20cm nysnø
så er det mulig det blir en liten testtur med hodelykt i veka som kjem...:)
Fantastisk kjekt med stabil vinter i Øygarden :)
så er det mulig det blir en liten testtur med hodelykt i veka som kjem...:)
Fantastisk kjekt med stabil vinter i Øygarden :)
nei, så tøft! :D
SvarSlettVeldig spennande! Bare å finne på det! Følger med og venter på neste utskeielse!!
SvarSlett