søndag 10. november 2013

Svinningen - toppen av Os

På Svinningen (842 moh) med Gullfjellet bak.  Foto: Trond Lyslo
Svinningen hadde vi tenkt på ei stund, og fineværet søndag skapte en fin anledning til et besøk til denne toppen litt i skyggen av Gullfjellet. Etter en drøy times køyring til Os og vidare til Øvredalen, låg toppen foran oss med snø på.
Vi parkerte et stykke forbi golfbana, så langt firehjulstrekkeren til Trond kom på den gradvis dårlegare grusvegen, og la avgårde til fots like etter ei turgruppe frå Osterøy.  Stien var overraskande godt merka, med mange interessante og morsomme skilt og drikkestasjoner (for dei som ikkje skal køyre etterpå) langs stien.  Etter ca 1 time var stien snødekt på ca 500m høgde.  Påskestemninga var til å kjenne på oppover i snøen og sola, kun skia mangla.  Etter vel 2 timer satt vi i bua ved toppen og spredte opplevelsen på sosiale medier.  Det var einaste her, øvst oppe, vi hadde mobildekning på turen etter at vi køyrde inn i Øvredalen. 
Turen til Svinningen herfrå er å anbefale.  Dei totalt 12km, 4 timane og 800 høgemetrane gikk fort i variert terreng, frå grønt lavland til snødekt høgfjell med utsikt over Fusafjorden, Gullfjellet og lavlandet i vest.

Anbefaler BT sin artikkel frå samme tur:   "Turen der BH'en kan ryke på veien".  


Øvredalen med Svinningen bak. 








Mot Samnanger


84512.html

søndag 20. oktober 2013

Frisk førvinter på Fresvikbreen

Nesten nede frå breen
Endelig var det duka for Fresvikbreen, med sine 1648 meter over Sognefjorden.
Status som kommunetopp i Vik kommune og som den 23. største breen i landet var greit nok, men at toppen også er nr 11 i Norge på primærfaktor er jo ikkje mindre enn imponerande der den ligger som en kvit flekk på kartet mellom Sognefjorden og Nærøyfjorden - med storebror Jostedalsbreen i nord og majestetiske Jotunheimen i nordøst.

Etter omtrent ein time
Turen gikk frå Leitet i Jordalen, sør for breen kl 10:10.  Etter vel 3 timer køyring i varm bil, var sjokket stort når minusgradene og vind tok tak, og førte til hektisk påkledning av stilongs og full vinterutrustning.  Etter drøye 5km og 2 timer på god sti med hyppig varding, som hjalp godt på i nysnøen, tok vi av oppover mot breen.
Halvannen time etter var vi oppe ved breen på 1430m, iført stegjern, tau og isøks.  Der kom også siste dråpe frå Camelbak'en før vatnet i slangen ga tapt for kulda og inntok fast form resten av turen.
Sol og puddersnø skapte februarstemning, og Stig leda veg oppover mellom sprekkene mot toppen.

Meget "markant" toppunkt
Kvart på 3 var vi på toppen, etter 4t 35 min, i en lokal, kjølig tåkedott der vi jobba litt med å finne høgste punkt, og fikk assosiasjoner til Nordpolen... Litt skuffa over utsikten, men svært tilfredse med å ha nådd toppen, tok vi obligatoriske bilder før vi vendte taulaget nedover igjen, tilbake i sola.
Vi gikk av breen kl 15:30, og etter en vakker tur vidare ned i kveldssola var vi ved bilen kl 18:00 etter et par fall på glatta, bl.a. underteikna som Bambi på isen, liggande på sekken i et elveleie;)

Stor takk til Stig, Bente, Gunstein og Anna for ein kjempetur :)

Fakta: 20,2 km, 8 timer, ca 850 totale hm.

Kupert før breen

Utforsking av djup sprekk lenger framme


Snart ute av toppskodda

Sprekkene nedst på breen


Med Fresvikbreen som bakgrunn
Mellom haust og vinter



Lett pudder :)


Lav oktobersol

Sola hang med oss overraskande lenge

GPS-logg frå turen

lørdag 7. september 2013

Gjertvasstind i gråtoner

Thomas og Jan Einar ned frå toppen
langs den bratte og vanligvis luftige snø-eggen
Varselet på yr og storm viste stor sol denne lørdagen, men vi starta dagen i regn og endte i tjukk skodde frå 1600m til topps - og ned igjen til mørket overtok.

Vi sykla/gikk den første timen 5 km inn vegen i Helgedalen med stigning frå 920m til 1270 moh, og etter 3 timer til - med 6 km ulendt gange, var vi på 1310 moh - men endelig ved foten av Gjertvasstind:)
Etter litt grov, bratt ur oppover, gikk vi inn i skodda på ca 1600m, etter drøye 5 timer.

Stor jubel på 2351 :)
Med sikt på 10-20m tok ting tid, og gps'en og sporadisk varding var viktige hjelpemiddel oppover. Mot Vestre Gjertvassoksle (1982m) var det varder "overalt", og vi endte opp i et kaos av vegvalg med utsatt og bratt klyving på fuktig, glatt fjell. Vi snudde tilbake og sonderte til vi fann ein farbar veg som virka minst krevande, og endte opp i overkommelig bratt klyving som nok er greiere på tørt fjell.

Greit vidare til ca 100m under toppen, der vi måtte ut på den bratte snøeggen med stegjern og isøks. Den fulgte vi vidare til topps på Gjertvasstind, 2351moh.  Stort øyeblikk, tross manglande utsikt.


Var gps'en viktig oppover, var den minst like god å ha ned - faktisk heile vegen ned igjen til Turtagrø. Ned frå 1982-toppen rappellerte vi en 3 meters hammer for å unngå et ubehagelig glatt parti.  Då skodda forsvann under ca 1600m, overtok mørket like etter, og vi gikk over til nattorientering.
Foto: Jan Einar Gravdal

På framtur gikk vi ruta rundt Ommane og ned i Gjertvassdalen via ei nokså laus ur nær brefallet frå Gjertvassbreen. Tilbake i mørket valgte vi heller å gå en litt lengre, men lettare veg bort til stien som kom frå Keiserpasset. Med gps og hodelykter gikk det fint i mørket. På veg dit kalva breen bak oss med dunder og brak. Greit vi ikkje var i nærheten der i mørket...
Det gikk radig bort til stien på grasbakkane, og ved vegen var det godt å sette seg på syklane, til bilen kom vi nesten 17 timer etter start. 
Turtagrø tok imot oss med middag kl 01:30. Imponerande!!

Takk til Jan Einar, Thomas og Stig for en fantastisk innholdsrik tur:)


Søndag våkna vi til full sommar og heimtur, mens Gjertvasstind strekte seg majestetisk i sola ...


Ruta vår i Google Earth

GPS-sporet opp

Stygge- og Skagastølsryggen i Google Earth
med Gjertvasstind til venstre og Storen i midten, litt bak.


Genial idé
Dette var vel omtrent motsatt av det meldte været

Her kom det nevnte raset om kvelden
Det meste vi såg av Gjertvasstind på turen.


Vill og vakker...

... og truande

Endelig på riktig fjell

Tilbake mot ruta vår under breen til venstre

Opp snøfeltet var det slutt på sikten

Tau var greit i lite sikt og blindt føre.


Jan Einar og Thomas ned snøeggen.


Fineværet kom for seint, dessverre

Fire fine timar med hodelykt og gps tilbake til Turtagrø

Gjertvasstind i fineværet søndag,
med den lange, bratte snøeggen til venstre.


lørdag 20. juli 2013

To netter i Svartdalen

Tur med Stig, Bjarte, Gunstein, Anna og Trond til Svartdalen 20.-22.juli 2013.  
Med start tidleg frå hytta til Stig ved Vangsmjøsa, rakk vi båten frå Bygdin med knapp margin - velutstyrt med overnattings-utstyr, mat, breutstyr og sikringsmiddel for fjell - i tilfelle behov for sikring.  Målet var primært Mesmogtind og Langedalstind i det meldte finevêret, men mitt personlige mål var no å kome meg opp til teltplassen. Streva fælt med hoste og forkjøling, og var lenge i tvil om det var vits å reise. Storhandla hostemedisin og halspastiller på apoteket på Voss etter trafikkfarlige hostebyger i bilen, og haldt hytta vaken med hosting store delar av påfølgjande natt.   

Vi gjekk av båten ved Torfinnsbu, og med tung bør la vi avgarde opp Svartdalen.

Vi la teltleiren nede ved vatnet, og gikk ein kveldstur oppover mot Vestre Leirungstind.

Trond ser mot neste dags turmål på andre sida av Svartdalen

Vestre Leirungstinden skulle vise seg lengre og vanskelegare enn antatt.

Fin småklyving med Leirungskampen bak til venstre.

Vi returnerte før toppen - klokt, men uvant...

Solnedgangen var magisk i skaret.

Varmt og fint :)

Store og Vesle Knutsholstind, med Vestre Leirungstinden til høgre.

Opp breen mot Kvitskarstind 

Turen opp var grei, men ein laus stein skapte litt dramatikk.

Trond mellom Kvitskartind og Torfinnstindane

Frå Mesmogtind mot Langedalstind

Vi kom opp frå venstre side av skaret, og returnerte ned sporet på breen til høgre.
Men først opp på Langedalstind, dagens tredje topp.

Sørvest for Langedalstind er det såpass flatt at vi nesten ser jordkrumningen;) 

Torfinnstindane lokker...

Frå Langedalstinden mot Mesmogtind, dagens andre topp. Store Knutsholstind bak tv.

Greit med tau og breutstyr ned her.

Trond foran med sine gnagsår. Men gjennomfører med stil.

Natta var sjeldan vakker.



Ved midnatt med kurs mot teltplassen

Neste dag var avreisedag med tung bør ned til båten, og heimover med stjerner i blikket. 
Takk for nok ein tur der superlativa står i kø :)