lørdag 25. desember 2010

1.juledag på Svinestranda 1074m

Etter mykje kjekk julefeiring på Sandane med lite fysisk aktivitet, såg eg mitt snitt til ein liten forfriskande avstikker i kulda til Svinestranda, og samtidig prøve å gå inn Crispi XP-skoa som eg sist gang fikk svære gnagsår av. No var eg forberedt med sportstape på hælane og diverse andre plasser på foten.
Snøforholda var gode, som du ser på bildet. Nysnøen på ca 20cm hadde aldri sett plussgrader, og nedrennet frå toppen lokka såpass at gnagsåra:( som meldte seg ikkje førte til en snuoperasjon... Med tunge plastsko med 4 spenner og dei breie Coomba-skia følte eg meg som ein traktor på E39 i møte med dei lokale heltane i lærsko og slanke fjellski... Etter vel to framoverbøyde timar og tre "hei", stod eg på toppen i bakgrunnen til høgre på bildet med vonde hæler i ca 15 minus. Nedturen var likevel ubeskrivelig herlig nedover, først på framsida av Svinestranda vestover mot hytta vår, så langs skuldra mot nord i fint pudder og bra sikt, sjølv om sola var på hell. Det gikk fort ned til bilen, og heim for å leite etter compeed:)