lørdag 14. juli 2012

Tre toppar i Jotunheimen

Lørdag 14.juli - Store Solleibotntind 2082m
Fire og ein halv time etter at vi køyrte frå Rong, var Kristoffer og eg klare for ettermiddagsbestigning av Store Solleibotntinden.  Med regn og skodde oppover og snø på toppen, var utsikten lik null.  Kulda var derimot påtrengande, og vi var raskt på tur ned igjen. Imidlertid tok det vel så lang tid ned som opp, på glatt stein i den grov ura.  Vi kom ned til bilen i lett regn, og telt var uaktuelt.
Vi overnatta i bilen i Bøverdalen etter å ha omfordelt all bagasjen til forseta i bilen.  Det må ha sett merkelig ut for forbipasserande, som det heldigvis var få av.  Vi sov rimelig bra i nedslått baksete/bagasjerom i Mazdaen. 

Søndag 15.juli - Ryggjehø 2142m
Etter frokost i bollebutikken på Lom søndag morgon kl.09, køyrde vi til Randsverk og inn bomvegen til parkeringsplassen der vi sykla dei åtte km vidare til Glitterheim. Her skulle vi overnatte til mandag, men før det tok vi en flott kveldstur til Ryggjehø. Glittertinden låg i skodda heile tida, og vi håpte den skulle forsvinne til neste dags tur.  Ryggjehø såg majestetisk ut på avstand.  Turen opp var uproblematisk, men vi merka at vi hadde luft under oss ute på kanten langs eggen opp.  


Måndag 16.juli - Glittertind 2464m
Etter tre retters middag kvelden før, tok vi frokosten i flotte omgivelser på veg oppover.  Det var mange som hadde planlagt tur til norges nest høgste i dag, så vi tenkte vi skulle unngå køen.  Det medførte at vi kom til toppen etter ca 2,5 timer, og snøflanken ned igjen gjorde at vi var ved Glitterheim kl 13 og lurte på kva vi skulle gjere resten av dagen...
Glittertind er virkelig en topp for alle, og stien opp er godt tilrettelagt for barn og voksne som er motiverte.


Vi endte opp med å gjere eit forsøk på Kyrkja frå Leirvassbu same dagen, men måtte snu då vi kom inn i ein fæla snøstorm uten sikt då vi skulle starte det bratte partiet frå salen.  Vi snudde klokeleg tilbake og reiste heim til Rong:)