onsdag 6. juli 2011

Stølsmaradalstinden

Store Austanbottind, Store Ringstind, Midtre Ringstind og Stølsmaradalstinden Å køyre åleine frå Sandane til Bergen, er ikkje lett når fristelsane står i kø, og det vart difor en solid omveg via Sogndal til Turtagrø og vidare til Murane (like etter bomstasjonen på Tindevegen).  Der la eg avgårde mot dagens mål: Stølsmaradalstinden.
Brukte 7 timar på turen i overskya vær, med ein dryg anmarsj til og frå foten av fjellet. Ein absolutt flott tur inn til  2026m i hjertet av Hurrungane.
På returen letta været, og  bildekvaliteten heva seg betraktelig frå bunnivået i tåka (jfr ;)