Etter torsdagens tåkefulle ferd over vidden med ungdomsskulen, var Kristoffer og eg klar for å oppleve samme turen i finevær. Og då søndagen var lova flott med sol og lite vind, var vi alle i familien klare for å komme oss opp tidlig en søndags morgen - den kinkige biten av prosjektet.
Vi tok Ulriksbanen opp, og denne gong hadde vi utsikt!!! - mot kun ca 50m sikt torsdag...
Merkelig kor mykje kortare turen virkar i fint vær. Vi merka fort at skodda får avstandane til å virke lengre.
Alt fokuset torsdag på elevar, vegval, problem med å få til akseptabel avstand mellom front og baktropp (pga frysing ved venting), og tanken på elevar som blir gåande mellom gruppene (m.m.) - var borte. Turen i finevær var fantastisk - med tørre steinar, mykje blide og lettkledde folk, utsikt, sol, varme, ...
Med sveler og kaffe på Turnerhytten (stengt torsdag) og cola på Brushytten (også stengt torsdag...), og avslutning med pizza frå Peppes, vart dette ein minneverdig dag:)
Ein tur å anbefale - i finevær!
På bilda under får du eit inntrykk av kontrastane mellom torsdags- og søndagsturen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar