torsdag 24. april 2014

Vårskieventyr på Spiterstulen

Veobreahesten frå der vi sette frå oss skia.  (Foto: Thomas)
Etter at Thomas 2.påskedag foreslo å framskunde vårskituren til førstkomande helg pga fine vêrvarsel, var vi ikkje seine om å utsette alle avtalar og rydde veg for årets vårski-topptureventyr på Spiterstulen.  Fantastisk at dei rundt oss er så fleksible og forståelsesfulle. 
Vi reiste frå Ågotnes torsdag kl 14:10, Stig, Vidar, Thomas og eg.  Etter to pizzaer på Beitostølen, god margin til nattestenginga over Valdresflya med høge brøytekantar og flotte fjell i solnedgang, kom vi til Spiterstulen litt før kl.22.  Her var det randonnè-utstyr overalt, mykje grunna randonnè-helg og guiding i nesten alle retninger frå Spiterstulen.  Då er det ekstra godt å kjenne friheten i å sleppe stresset når ein er på guida tur i større gruppe. 
Fredag hadde vi den mest ambisiøse planen: Den lenge ettertrakta og spennande Veobreahesten på 2185m, og den enkle, men høge, storebroren Leirhø med sine 2330m.


Veoskaret oppe mot venstre
Etter rask skøyting på morgonskare i skyggen innover Visdalen, og fint tempo på feller i sola opp til Hellstugubreen, gjorde stigninga opp til Veoskaret igjen livet surt for oss med sin sterke stigning i mjuk snø med tungt utstyr.  Eg måtte verkeleg i kjellaren og kjempa med destruktive turtanker som nesten gjorde slutt på trua om å klare dagens mål. Men etter å ha nådd dei andre på pauseplassen nesten oppe i skaret, og med litt polarbrød og kvile, var målet på plass igjen og trua tilbake.  Den fikk seg imidlertid en ny knekk då vi litt seinare runda under Leirhø og såg Veobreahesten for første gong:  Her skulle vi verkeleg få brynt oss, om det i det heile var forsvarleg og gjennomførbart?  

Noko bratt...      Foto: Vidar

Der var det ski av, og på med sele, stegjern, isøks og tau.  Ein halvtime etter stod vi ved foten av Veobreahesten med stigande optimisme.  Oppover var det fleire alternativ.  Langs eggen såg det greit ut, men ifølge bøker og kjentfolk er den problematisk.  Vi fulgte ruta vi var anbefalt, skrått oppover litt til høgre i bratt snø opptil ca 45 grader, som vi vurderte som sikker mot skred, og faren for utglidning var liten då vi gikk forsiktig i tau på den blaute ettermiddagssnøen. Det raudbrune fjellet hadde svært god friksjon, og sommarstid er det nok fint å klyveklatre i.
Ute av snøen, og etter å ha runda eit luftig hjørne og klyvd opp ei lita renne, forventa vi optimistiske rop frå Stig som gikk først i tauet.  Men toppblokka, som vi trudde vi var forberedt på gjennom diverse lektyre, viste seg å vere luftigare enn antatt med sitt stup mot nord.  Dessuten var blokka glatt og ca tre meter høg. Med ei slynge over ein nabb på toppen, fekk vi eit godt festepunkt - og med lettare sko tok Vidar seg opp via Stig sin rygg og slynga.  Ein av oss oppe - tre igjen.  Vidar fekk sett ein ok kile, og ved hjelp av topptau med sikring nede kom vi andre oss greit opp ein om gongen. Såpass safe var det, at vi verkeleg kunne nyte øyeblikket og reise oss for fotografen på det vesle, luftige toppunktet.  Fantastisk!!!



Luftig!!!

Nedover gikk det raskt med Vidar som lengta etter sekken med mat og drikke, mens vi andre tok det roleg nedover.  Vi returnerte over breen, og kom til skia 4 timar etter vi forlot dei.  Dei timane hadde gått fort!
Vidar er nede (prikken over Thomas)
På nedturen delte vi oss.  Klokka var blitt 6, og middagen nærma seg.  Vidar og Thomas ville ta nedkøyringa ned Veoskaret mens det framleis var slush før sola forsvann - og samtidig ta middagen som ein bonus.  En fristande tanke... men med Leirhø så nær var eg svært innstillt på å få den med på vegen ned.  Stig vart med, og på stegjern gikk det greit oppover til 2330 med skia på sekken.  Med dei lange skyggane på fjella rundt oss, var det lett å bli opphengt i fotografering - men vi ville ned mens føret endå var ok.
Nedrennet var svært bra trass i svært lav sol, hardt øverst og slush lenger nede.  Vi kom til Spiterstulen kl halv ni, for seint til middag - men til karbonader som kokken ordna.  Ingen tre-retters, men Leirhø var verdt det.
Fredag kveld kom Trond, som etter nesten 11 års fråvær frå Spiterstulen var svært klar for sin andre tur på randonneutstyr.

Mot Hellstugubreen for andre dag på rad
Lørdag var det like fint vær, og med tidlig frokost kl 7 var vi klar for å skøyte innover Visdalen igjen. etter vel 2 timar var vi ved Hellstugubreen igjen, klare for å traske oppover den evig lange breen...  To spreke jenter gjorde ikkje oppgåva lettare med sitt avsindige tempo oppover som vi ikkje ein gong vurderte å utfordre, men vi klarte oss gjennom "den vanskelige tredjerunden" og omsider flata breen seg ut, etter ca 4 timar på tur. 
Store og Midtre Hellstugutinden er fantastiske, og lokker alle som står her og særleg dei som ikkje har vore der før.
Thomas og Vidar styrte vidare mot Store Hellstugutinden, mens Stig, Trond og eg gikk mot dei Vestre Memurutindane der Stig hadde toppar han mangla i beltet, og vi andre hadde ingen der. Planen var V5 og V4 (Vestre nr 4).  Trond valte å nyte livet på ein fin stein i solsteiken mens Stig og eg gikk bratt opp til skuldra til V4.  Herfra svingte vi oss ned i "Gunnsteinskar" (etter ei lita feilkjøring i 2012), og på stegjern gikk det radig til V5.  V6 lenger nede såg vi ikkje for oss som oppnåeleg før Stig såg ein flott trase åpenbare seg og valet var enkelt og uimotståeleg.  Trond hadde det nok supert i det fine veret på steinen (ein 2-timers lur viste det seg...), og etter ein time var vi oppe igjen ved sekken og skia under V5 - med V6 i boks!  Ein solid og uventa bonus!
Frå V6, på veg tilbake mot V5.
Store Hellstugutinden bak Stig.
Frå V4 fekk vi kontakt med Trond nede på steinen, og vi møtte han kl 18:15.  Så venta det oss vel ei mil samanhengande, fantastisk nedkøyring med telemark og slalom til vi ankom Spiterstulen litt over sju - i god tid til middag :)   Det er ikkje ofte det skjer!

Søndag vart heimreisedag.  Vi hadde fått full uttelling, og Sognefjellet opna lørdagen, så her var det berre å nyte naturen og fineværet ut bilvinduet.  Ikkje ofte vi køyrer Valdresflya, Sognefjellet og Vikafjellet på ei langhelg i april.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar