fredag 12. august 2011

Kveldstur til Botnafjellet 1572m


I fineværet på Sandane var alt
tilrettelagt for far til å ta seg en fjelltur i fineværet. Med gutane på kino snart, og farmor som tilrettelegger, var vegen opp til Nesstøylen en fryd tross dårlig dekke, bratt og 1.gir. Spot'en er uvurderlig som trygghet når eg går aleine, og med gps'en fann eg oppgangen til Øykjeheia greit. Egentlig var planen Storevarden, men endra raskt til det forlokkande Botnafjellet då eg såg muligheten og eg visste at brødsporet mitt kunne følgast heime på nettet tross manglande mobildekning.
Starta frå støylen kl 17:30. Etter 25 minutt tok eg opp mot Øykjeheia der eg var etter 55 minutt. Vidare inn langs vatnet gikk det radig, og oppover eggen også tross nokså bratt terreng. Et flott fjell dette, det høgste mellom Våtedalen og Hyen. Etter 2t 20 minutt var eg ved varden for 5.gang, klar for polarbrød med kaviar:) Det vart mykje kjekk telefonering i dekninga på toppen, før det bar nedover i fin kveldssol med lange skygger først mot Skjorta og Snønipa i øst, så mot Ryssdalshornet til Sørsendalen i nord. Nede 22:00 ved bilen der eg tok dette bildet tilbake mot Botnafjellet med Norge sin 9. høgste primærfaktor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar