søndag 7. februar 2010

Smådramatisk søndagstur

Ormhilleren i vinterdrakt levde opp til forventningane i dag. Sola skein sterkt i den kvite snøen, og vi hadde en super søndagstur - Åse, Trond, Kristin og eg. Etter å ha gått ned på neset (langs skråninga til venstre på bildet over), nytt ei fin stund der nede (jfr bilde under), og returnert opp igjen - vart vi enige(?) om å gå rundløypa under Rongesundsbrua heim att til huset.
Det er ei flott, variert løype med litt småklyving. Og det var i tillegg litt utfordrande glatt på rimlaget:) På bildet til høgre ser du ein av utfordringane (vår siste for dagen skulle det bli...).
Etter å ha kome oss opp på den store steinen, skulle eg gå først opp hjelpetrinnet av tre som hang etter eit feste (sjå bildet). Men då eg belasta trinnet, forsvann det mot høgre og eg til venstre og nedover! Eg kjende eit solid slag mot kjaken i fallet - det var trinnet som kom i retur(!) - før eg landa på rygg i snøen - heldigvis. Like etter såg eg Kristin kikke litt urolig over steinen mens eg satt der nede og kjente etter om alt fungerte. Og det gjorde det utrulig nok. Et lite sår på haka var alt:)
Så droppa vi resten av turen og gikk heim til eit slag Pandemic med Åse som Bio-terrorist:)

1 kommentar: