mandag 22. februar 2010

Skogsøy på ski

Etter 2 måneder med kulde og snø, har den forlokkande tanken om å gå på ski til Skogsøy kome nærare, men var likevel fjern. Snøfallet søndag kveld gjorde det umulige mulig, og etter en skitur frå huset vårt og rundt Storevarden som viste at underlaget holdt bra stand mot stein og svaberg, var det lett å hive seg i bilen og legge avgårde mot Skogsøy på ski i snødrevet med hodelykt. Etter 3 gongar av og på med ski, men også lange fine strekk i nysnøen, var eg på Skogstua. Tilbakevegen gikk fint bortsett frå ein "snarveg" inn ei trang kløft - som viste seg å ende i ei hole(!). Måtte klyve over den - mykje kav.
Måndag hadde det snødd minst 20cm snø til. Stig droppa snømåkinga, og vi la avgårde. Denne gong kom vi oss heilt ut utan å ta av skia, takka vere klokt vegvalg av Stig. Vi møtte fleire nysgjerrige ørner, og Kollsnes-anlegget la eit flott gult lys over dei djupe skispora våre og gjorde hodelyktene overflødige. Vi fikk til og med tatt 4-5 telemarksvingar!!! Dei store snømengdene opnar opp for verkelig sjeldne opplevelsar her ute ved havet:) Berre om å gjere å nytte sjansen...:)

Ut mot havet

Over myra ved klatreveggen

Ørna kretsa rundt oss

Rimeleg nær

Spesielt å høyre bølgene slå når du er på skitur :)

1 kommentar:

  1. Veldig kjekt og spennende å lese! Helt utrolig! Også ørn og bølgeskvulp!

    SvarSlett