Frå Søre mot Vetle og Store Midtmaradalstinden |
Åleine vidare mot toppen gikk tempoet ned. Dette var verkeleg seriøst drøyt langt, og konstant oppover. La igjen sekken eit stykke forbi Stølsnosi (med fantastisk Hurrungane-utsikt), og gikk vidare med lett vest for om mogleg å auke tempoet litt.
Ingenting å utsette på utsikten frå Stølsnosi. Store Midtmaradalstinden kneiser litt til venstre for midten, med den lavare Vetle til høgre for seg og Søre under den igjen. Laaangt igjen... |
Siste klyving til topps |
Storen var til å ta og kjenne på herifrå, der den viste si kanskje flottaste og mest majestetiske side.
Den noko meir kjende naboen, Store Skagastølstind |
Nedturen gikk fint, og det var freistande å ta ei natt på Stølsmaradalen (som dei andre to frå toppen), men vidare nedover bar det (med nokre multestopp) til eg ankom bilen kl 21.45 etter fantastisk herleg trilletur på sykkelen ned grusvegen over dei tre bruene.
I bratta ned frå Stølsmaradalen klarte eg å dunke meg i tversgåande tre to ganger mens eg fokuserte nedover... i tillegg til litt raude og såre tær etter mykje nedovergange. Men den gode kjensla råda definitivt.
Ein verkeleg flott tur i fantastiske omgivnader og kjekt tinderanglingsselskap på toppane, med mektige Vettisfossen i sidesynet i dei nedre partia av turen. Multemyrene (på ca 800m) var heller ikkje verst:)
Nedover mot Vettisfossen |
Vel nede bar det vidare med bil til Sandane til sein middag hos ho mor kl 01.30👍