Tur med Stig, Bjarte, Gunstein, Anna og Trond til Svartdalen 20.-22.juli 2013.
Med start tidleg frå hytta til Stig ved Vangsmjøsa, rakk vi båten frå Bygdin med knapp margin - velutstyrt med overnattings-utstyr, mat, breutstyr og sikringsmiddel for fjell - i tilfelle behov for sikring. Målet var primært Mesmogtind og Langedalstind i det meldte finevêret, men mitt personlige mål var no å kome meg opp til teltplassen. Streva fælt med hoste og forkjøling, og var lenge i tvil om det var vits å reise. Storhandla hostemedisin og halspastiller på apoteket på Voss etter trafikkfarlige hostebyger i bilen, og haldt hytta vaken med hosting store delar av påfølgjande natt.
|
Vi gjekk av båten ved Torfinnsbu, og med tung bør la vi avgarde opp Svartdalen. |
|
Vi la teltleiren nede ved vatnet, og gikk ein kveldstur oppover mot Vestre Leirungstind. |
|
Trond ser mot neste dags turmål på andre sida av Svartdalen |
|
Vestre Leirungstinden skulle vise seg lengre og vanskelegare enn antatt. |
|
Fin småklyving med Leirungskampen bak til venstre. |
|
Vi returnerte før toppen - klokt, men uvant... |
|
Solnedgangen var magisk i skaret. |
|
Varmt og fint :) |
|
Store og Vesle Knutsholstind, med Vestre Leirungstinden til høgre. |
|
Opp breen mot Kvitskarstind |
|
Turen opp var grei, men ein laus stein skapte litt dramatikk. |
|
Trond mellom Kvitskartind og Torfinnstindane |
|
Frå Mesmogtind mot Langedalstind |
|
Vi kom opp frå venstre side av skaret, og returnerte ned sporet på breen til høgre.
Men først opp på Langedalstind, dagens tredje topp. |
|
Sørvest for Langedalstind er det såpass flatt at vi nesten ser jordkrumningen;) |
|
Torfinnstindane lokker... |
|
Frå Langedalstinden mot Mesmogtind, dagens andre topp. Store Knutsholstind bak tv. |
|
Greit med tau og breutstyr ned her. |
|
Trond foran med sine gnagsår. Men gjennomfører med stil. |
|
Natta var sjeldan vakker. |
|
Ved midnatt med kurs mot teltplassen |
|
Neste dag var avreisedag med tung bør ned til båten, og heimover med stjerner i blikket. |
Takk for nok ein tur der superlativa står i kø :)