|
Gjegnen og Gjegnabu, på nedturen torsdag |
Gjegnen er på ein imponerande
femteplass i Norge når det gjeld høg primærfaktor, kun slått
av Galdhøpiggen, Jiehkkevárri, Snøhetta og Store
Lenangstinden. Det særprega og verna Devon-landskapet med konglomerat og
gedigne hyllesystem gjer dette området svært så eksklusivt og
forlokkande.
Kristoffer og eg dro frå Rong onsdag formiddag, og møtte Trond på ettermiddagen
ved Storebru. Derfrå vidare til ville Hope i Hyen
der vi la avgårde til fots oppover litt over klokka 17.
Opp den fine grusvegen gikk det radig og greit i mange slyng opp til ca 400
moh. Der strevde vi en del med å finne stien vidare opp til Lavesteinen, men
etter litt fram og tilbake fann vi en liten rød pinne som markerte starten på
den lite tydelige stien oppover. 2t 15min etter start var vi endelig ved
Lavesteinen på 720m høgde. Kristoffer følte seg ikkje heilt i form då, men han
ville fortsette.
Resten av turen til Gjegnabu bestod av tett skodde, og vi ankom hytta litt før kl 22. Ei vakker lita hytte på eit teppe av konglomerat.
Torsdagen våkna vi til regn, men etter kort tid tok sola over og resten av turen vart eit lite eventyr. Lar bilda tale for seg sjølv:)