Snøforholda var gode, som du ser på bildet. Nysnøen på ca 20cm hadde aldri sett plussgrader, og nedrennet frå toppen lokka såpass at gnagsåra:( som meldte seg ikkje førte til en snuoperasjon... Med tunge plastsko med 4 spenner og dei breie Coomba-skia følte eg meg som ein traktor på E39 i møte med dei lokale heltane i lærsko og slanke fjellski... Etter vel to framoverbøyde timar og tre "hei", stod eg på toppen i bakgrunnen til høgre på bildet med vonde hæler i ca 15 minus. Nedturen var likevel ubeskrivelig herlig nedover, først på framsida av Svinestranda vestover mot hytta vår, så langs skuldra mot nord i fint pudder og bra sikt, sjølv om sola var på hell. Det gikk fort ned til bilen, og heim for å leite etter compeed:)