tirsdag 3. august 2021

Evig motbakke til Store Midtmaradalstinden

Frå Søre mot Vetle og Store Midtmaradalstinden

På veg til Sandane vart det endeleg rom for soloavstikker til den lenge etterlengta og sagnomsuste Store Midtmaradalstinden! Parkerte og snikovernatta i bilen på Hjelle parkering (som har toalett!) og sykla optimistisk avgårde kl 07.50 mot Hjelle gard. Ankom idylliske Stølsmaradalen etter herleg multelunsj ca kl 10.30 der eg møtte to som hadde overnatta, utan ambisjonar om topptur. 



Åleine vidare mot toppen gikk tempoet ned. Dette var verkeleg seriøst drøyt langt, og konstant oppover. La igjen sekken eit stykke forbi Stølsnosi (med fantastisk Hurrungane-utsikt), og gikk vidare med lett vest for om mogleg å auke tempoet litt.

Ingenting å utsette på utsikten frå Stølsnosi. Store Midtmaradalstinden kneiser litt til venstre for midten, med den lavare Vetle til høgre for seg og Søre under den igjen. Laaangt igjen...

Fekk besøk av eit yngre par i høgt tempo med joggesko. Verkeleg greitt å vere tre opp dei tre klyvepartia til Søre, Vetle og Store, og toppen vart nådd kl 16.20. Litt vrient å finne riktig veg opp til Søre og ned frå Vetle, men med litt ro og prøving så gikk det greitt.
Siste klyving til topps

Storen var til å ta og kjenne på herifrå, der den viste si kanskje flottaste og mest majestetiske side.

Den noko meir kjende naboen, Store Skagastølstind

Nedturen gikk fint, og det var freistande å ta ei natt på Stølsmaradalen (som dei andre to frå toppen), men vidare nedover bar det (med nokre multestopp) til eg ankom bilen kl 21.45 etter fantastisk herleg trilletur på sykkelen ned grusvegen over dei tre bruene.

I bratta ned frå Stølsmaradalen klarte eg å dunke meg i tversgåande tre to ganger mens eg fokuserte nedover... i tillegg til litt raude og såre tær etter mykje nedovergange. Men den gode kjensla råda definitivt.
Ein verkeleg flott tur i fantastiske omgivnader og kjekt tinderanglingsselskap på toppane, med mektige Vettisfossen i sidesynet i dei nedre partia av turen. Multemyrene (på ca 800m) var heller ikkje verst:)
Nedover mot Vettisfossen


Vel nede bar det vidare med bil til Sandane til sein middag hos ho mor kl 01.30👍

mandag 19. mai 2014

17.mai på Brøknipa, Osterøy

Kristoffer, Trond og eg hadde lest mykje bra om Brøknipa, eller Bruviknipa som den også vert kalla. Dette var ein kjapp og fin tur med mykje flott utsikt for lite innsats. Ca 1 time opp frå vegen, og egentlig for lite ift den lange bilturen. Men så rakk vi 17.mai-rømmegrauten på Straume med god margin:-)


lørdag 10. mai 2014

Først bomtur, så fulltreff på Høgafjellet, Osterøy

Imponerande tilrettelegging...
Etter at vi fredag presterte å køyre 2 timar frå Øygarden til nord-Osterøy for å gå inn feil dal, kom lørdagen med finevær og spontan gjen-opprettingstur for, om mogleg, å rette opp litt av trua på våre navigeringsevner.
Ved å køyre 200m lenger enn fredag, fall plutseleg alle brikker på plass. Kartet stemte med terrenget igjen, og skilting og sti med flotte og lange trapper gjorde susen. Kontrasten til gårsdagen var stor!
Det gikk lett oppover, og etter ca 2 timer kryssa vi øvst i elva over bru og vidare på bratte trapper i vilt landskap opp til demningen like ovanfor - som nok dempa naturopplevelsen ein del.
Etter litt vandring i snø lengst oppe, stod vi på kommunetoppen Høgafjellet, 867moh over fjorden, etter 4 timar i sol og i 5 kalde varmegrader (jfr termometer på varden). Utsikten var uvant og interessant, med Gullfjellet og Svenningen i sør - og det vi trur er Tveitakvitingen og Gjønakvitingen med snøkappe lenger aust.
Etter nokre pannekaker bestemte vi oss for å ta nedturen vidare mot den fine, varme kveldssola i sørvest, og etter ein liten time tok Trond seg liksågodt eit bad i et forlokkande,  og visstnok ikkje så kjølig som forventa, fjellvatn på 740 moh - litt tilleggsmotivert av ei viss Facebook-utfordring...
Etter improvisert tørking og påkledning, gikk vi like godt ned dalen der vi kom opp fredag, også denne gongen i kveldssol :-) 
Turen vart på nokså nøyaktig 20 km, og vi var på tur i 5,5 timar. Ankomst Rong kl 2345...

Pangstart:)
Upåklageleg sti oppover.
Høgafjellet oppe bak elva. Brua og trappene øvst i elva.
Stien gjekk i høgrekant av dei tre vatna vi ser.
Siste bakken mot toppen
Mot sørvest
Gullfjellet bak

torsdag 24. april 2014

Vårskieventyr på Spiterstulen

Veobreahesten frå der vi sette frå oss skia.  (Foto: Thomas)
Etter at Thomas 2.påskedag foreslo å framskunde vårskituren til førstkomande helg pga fine vêrvarsel, var vi ikkje seine om å utsette alle avtalar og rydde veg for årets vårski-topptureventyr på Spiterstulen.  Fantastisk at dei rundt oss er så fleksible og forståelsesfulle. 
Vi reiste frå Ågotnes torsdag kl 14:10, Stig, Vidar, Thomas og eg.  Etter to pizzaer på Beitostølen, god margin til nattestenginga over Valdresflya med høge brøytekantar og flotte fjell i solnedgang, kom vi til Spiterstulen litt før kl.22.  Her var det randonnè-utstyr overalt, mykje grunna randonnè-helg og guiding i nesten alle retninger frå Spiterstulen.  Då er det ekstra godt å kjenne friheten i å sleppe stresset når ein er på guida tur i større gruppe. 
Fredag hadde vi den mest ambisiøse planen: Den lenge ettertrakta og spennande Veobreahesten på 2185m, og den enkle, men høge, storebroren Leirhø med sine 2330m.


Veoskaret oppe mot venstre
Etter rask skøyting på morgonskare i skyggen innover Visdalen, og fint tempo på feller i sola opp til Hellstugubreen, gjorde stigninga opp til Veoskaret igjen livet surt for oss med sin sterke stigning i mjuk snø med tungt utstyr.  Eg måtte verkeleg i kjellaren og kjempa med destruktive turtanker som nesten gjorde slutt på trua om å klare dagens mål. Men etter å ha nådd dei andre på pauseplassen nesten oppe i skaret, og med litt polarbrød og kvile, var målet på plass igjen og trua tilbake.  Den fikk seg imidlertid en ny knekk då vi litt seinare runda under Leirhø og såg Veobreahesten for første gong:  Her skulle vi verkeleg få brynt oss, om det i det heile var forsvarleg og gjennomførbart?  

Noko bratt...      Foto: Vidar

Der var det ski av, og på med sele, stegjern, isøks og tau.  Ein halvtime etter stod vi ved foten av Veobreahesten med stigande optimisme.  Oppover var det fleire alternativ.  Langs eggen såg det greit ut, men ifølge bøker og kjentfolk er den problematisk.  Vi fulgte ruta vi var anbefalt, skrått oppover litt til høgre i bratt snø opptil ca 45 grader, som vi vurderte som sikker mot skred, og faren for utglidning var liten då vi gikk forsiktig i tau på den blaute ettermiddagssnøen. Det raudbrune fjellet hadde svært god friksjon, og sommarstid er det nok fint å klyveklatre i.
Ute av snøen, og etter å ha runda eit luftig hjørne og klyvd opp ei lita renne, forventa vi optimistiske rop frå Stig som gikk først i tauet.  Men toppblokka, som vi trudde vi var forberedt på gjennom diverse lektyre, viste seg å vere luftigare enn antatt med sitt stup mot nord.  Dessuten var blokka glatt og ca tre meter høg. Med ei slynge over ein nabb på toppen, fekk vi eit godt festepunkt - og med lettare sko tok Vidar seg opp via Stig sin rygg og slynga.  Ein av oss oppe - tre igjen.  Vidar fekk sett ein ok kile, og ved hjelp av topptau med sikring nede kom vi andre oss greit opp ein om gongen. Såpass safe var det, at vi verkeleg kunne nyte øyeblikket og reise oss for fotografen på det vesle, luftige toppunktet.  Fantastisk!!!



Luftig!!!

Nedover gikk det raskt med Vidar som lengta etter sekken med mat og drikke, mens vi andre tok det roleg nedover.  Vi returnerte over breen, og kom til skia 4 timar etter vi forlot dei.  Dei timane hadde gått fort!
Vidar er nede (prikken over Thomas)
På nedturen delte vi oss.  Klokka var blitt 6, og middagen nærma seg.  Vidar og Thomas ville ta nedkøyringa ned Veoskaret mens det framleis var slush før sola forsvann - og samtidig ta middagen som ein bonus.  En fristande tanke... men med Leirhø så nær var eg svært innstillt på å få den med på vegen ned.  Stig vart med, og på stegjern gikk det greit oppover til 2330 med skia på sekken.  Med dei lange skyggane på fjella rundt oss, var det lett å bli opphengt i fotografering - men vi ville ned mens føret endå var ok.
Nedrennet var svært bra trass i svært lav sol, hardt øverst og slush lenger nede.  Vi kom til Spiterstulen kl halv ni, for seint til middag - men til karbonader som kokken ordna.  Ingen tre-retters, men Leirhø var verdt det.
Fredag kveld kom Trond, som etter nesten 11 års fråvær frå Spiterstulen var svært klar for sin andre tur på randonneutstyr.

Mot Hellstugubreen for andre dag på rad
Lørdag var det like fint vær, og med tidlig frokost kl 7 var vi klar for å skøyte innover Visdalen igjen. etter vel 2 timar var vi ved Hellstugubreen igjen, klare for å traske oppover den evig lange breen...  To spreke jenter gjorde ikkje oppgåva lettare med sitt avsindige tempo oppover som vi ikkje ein gong vurderte å utfordre, men vi klarte oss gjennom "den vanskelige tredjerunden" og omsider flata breen seg ut, etter ca 4 timar på tur. 
Store og Midtre Hellstugutinden er fantastiske, og lokker alle som står her og særleg dei som ikkje har vore der før.
Thomas og Vidar styrte vidare mot Store Hellstugutinden, mens Stig, Trond og eg gikk mot dei Vestre Memurutindane der Stig hadde toppar han mangla i beltet, og vi andre hadde ingen der. Planen var V5 og V4 (Vestre nr 4).  Trond valte å nyte livet på ein fin stein i solsteiken mens Stig og eg gikk bratt opp til skuldra til V4.  Herfra svingte vi oss ned i "Gunnsteinskar" (etter ei lita feilkjøring i 2012), og på stegjern gikk det radig til V5.  V6 lenger nede såg vi ikkje for oss som oppnåeleg før Stig såg ein flott trase åpenbare seg og valet var enkelt og uimotståeleg.  Trond hadde det nok supert i det fine veret på steinen (ein 2-timers lur viste det seg...), og etter ein time var vi oppe igjen ved sekken og skia under V5 - med V6 i boks!  Ein solid og uventa bonus!
Frå V6, på veg tilbake mot V5.
Store Hellstugutinden bak Stig.
Frå V4 fekk vi kontakt med Trond nede på steinen, og vi møtte han kl 18:15.  Så venta det oss vel ei mil samanhengande, fantastisk nedkøyring med telemark og slalom til vi ankom Spiterstulen litt over sju - i god tid til middag :)   Det er ikkje ofte det skjer!

Søndag vart heimreisedag.  Vi hadde fått full uttelling, og Sognefjellet opna lørdagen, så her var det berre å nyte naturen og fineværet ut bilvinduet.  Ikkje ofte vi køyrer Valdresflya, Sognefjellet og Vikafjellet på ei langhelg i april.

lørdag 29. mars 2014

Sjuarhylla til Plogen

Med base på Sandane, tok Trond og eg 07:45-ferja frå Anda, 08:30-ferja frå Stårheim til Isane og ankom vakre Ålfoten i 9-tida.  Den vakre og ville naturen her inne, med sitt spesielle, ugjestmilde, men utfordrande  hyllesystem, forsterka vår allereie sterke forventning til endeleg å gå denne "sjuarhylla" som har fylt hovudet vårt sidan vi kom over det fascinerande stripete satelittkartet over dette området, og litt seinare fekk tips om denne "hylle 7" som leiar ein rett til Plogen.
Etter at Trond tynte Honda CRV'en opp lengst mogleg i dei isete traktorspora inn bomvegen i Førdedalen, sparte vi ca 1 km ... Litt surt, for vi hadde rekna med å starte minst 3 km lengre inne.   Dalen var lang med lite stigning, og etter slutten på vegen bar det gjennom snøfattig, tett skog og grov ur, med sine utfordringer til krevjande vegval med ski på beina og begrensa mengder snø.

Langs vatna i Førdedalen med sjuarhylla (rett over meg) - såvidt i sol. 

Litt "krøkkete" her.  Unngå å skrå oppover mot sjuarhylla for tidleg.


Men etter ein del trøbbel i skogen, så openbarte den solfylte og snødekte "sjuarhylla" seg som eit påske-postkort med si jamne fine snøflate oppover, klart adskilt frå hylle 8 med sin uendelege, loddrette fjellvegg som lurte oss til å tru at flyduren kom derifrå.
Knappe 3 timar etter start var vi komen opp til kun 540m høgde, og vi såg Plogen for første gong.

Plogen til høgre for "hylle 8".
Det såg betrakteleg lengre ut til toppen enn antatt, men sjuarhylla tok oss raskt oppover i jamn stigning, og vi nådde Plogen etter vel 7 timar på tur, kl 17:10 - godt slitne og fornøgde.  Maritinden stjal oppmerksomheten oppover med sitt karakteristiske og underfundige loddrette skar mot Saga...  Her må det finnast myter om korleis dette har gått til??  Og eg tippar namnet Saga kanskje er knytt til dette??
 Keipen dominerte landskapet med sin profil mot sola i aust.  Der oppe (5m høgre enn Plogen) stod vi ved midnatt ei sommarnatt i vår ungdom, dvs svært mange år sidan;)  Hjelmen dominerte i nordaust, og vi fekk også eit glimt av Hornelen lengre bak.

Saga med Maritinden over "hylle 8"

Sjuvatnet på Sjuarhylla.

Mot Saga, Maritinden og Plogen.

Trond framleis ved godt mot

Maritinden igjen...:)

Hylle 3,4,5,6, - sju -, 8,9,10,11 og 12...

Hornelen i disen

Trond foran hylle 7, 8, osv... :)

Maritinden med Ålfotbreen bak.
Blåbrebu ligg på ei av dei nedste hyllene der bak ein stad...

Sjuarhylla svingar seg nedover mot Førdedalen

I plog mot Keipen.

Hit, men ikkje lenger...

Trond ned att til skaret mot Saga med Maritinden til høgre.
Ålfotbreen bak.

Sola går ned bak Plogen, og skaren er eit faktum.

Trond i fint driv med Maritinden som tilskodar

Hjelmen i kveldssola

Snart mørkt, og nokså langt igjen ut dalen...


Byrjinga på nedturen vart eit lite antiklimaks, for føret var nokså vanskeleg på gjennombruddsskaren no når sola låg bak Plogen og vi var i skyggen.  Tross vårt tunge utstyr med plastsko og breie ski, vart det nokre fall.  Lengre nede kom føret seg, og sjuarhylla vart ein fin, jamn skrå nedtur i høg fart der venstrefoten verkeleg fekk kjenne mjølkesyra.  Vi brukte ca 1 time frå toppen og ned sjuarhylla til Førdedalen, vidare ca ein time gjennom den tette skogen til bilvegen, men no med skia av!!.  Så var det på med hodelyktene, og siste timen langs vegen ned til bilen, kl 20:45.

Fantastisk tur i vakre og karakteristiske omgivnader :)

11 timar på tur i roleg tempo.
30,4 km
Totalt 1400hm (ifølge gps)

søndag 10. november 2013

Svinningen - toppen av Os

På Svinningen (842 moh) med Gullfjellet bak.  Foto: Trond Lyslo
Svinningen hadde vi tenkt på ei stund, og fineværet søndag skapte en fin anledning til et besøk til denne toppen litt i skyggen av Gullfjellet. Etter en drøy times køyring til Os og vidare til Øvredalen, låg toppen foran oss med snø på.
Vi parkerte et stykke forbi golfbana, så langt firehjulstrekkeren til Trond kom på den gradvis dårlegare grusvegen, og la avgårde til fots like etter ei turgruppe frå Osterøy.  Stien var overraskande godt merka, med mange interessante og morsomme skilt og drikkestasjoner (for dei som ikkje skal køyre etterpå) langs stien.  Etter ca 1 time var stien snødekt på ca 500m høgde.  Påskestemninga var til å kjenne på oppover i snøen og sola, kun skia mangla.  Etter vel 2 timer satt vi i bua ved toppen og spredte opplevelsen på sosiale medier.  Det var einaste her, øvst oppe, vi hadde mobildekning på turen etter at vi køyrde inn i Øvredalen. 
Turen til Svinningen herfrå er å anbefale.  Dei totalt 12km, 4 timane og 800 høgemetrane gikk fort i variert terreng, frå grønt lavland til snødekt høgfjell med utsikt over Fusafjorden, Gullfjellet og lavlandet i vest.

Anbefaler BT sin artikkel frå samme tur:   "Turen der BH'en kan ryke på veien".  


Øvredalen med Svinningen bak. 








Mot Samnanger


84512.html